Grove brød med Jærsk haustkveite
Dette er same oppskrift som står på pakken til Jærsk haustkveite.
350g sammalen haustkveite
350g sikta spelt/kveite
200g havregryn
1 klype salt
1 ts sukker
8dl vatn
½ pakke tørrgjær
Rør saman gjær, sukker og vatn, la det stå litt medan du blandar saman dei tørre ingrediensane i ein bolle. Tilsett gjærblandinga og elt godt i 10 minutt. Del deigen i to og fordel i to brødformer. Sett dei kaldt over natta for steiking neste dag eller hev til dobbel størrelse, ca en time. Dryss gjerne litt havregryn på toppen.
Steik i 45 minutt på 200 grader til dei vert gyldne og fine.
Me høyrer gjerne frå deg om du lagar oppskrifta eller bruker haustkveiten til noko anna spanande.
Tagg Ystepikene på Facebook eller instagram.
På sida vår har me mange kjekke oppskrifter med Ystepikene sine ostar, berre klikk på lenkja her.