Jærsk Haustkveite 2023

Etter fjorårets suksess kor vi for fyrste gong prøvde oss og fekk til matkorn på garden vart det klart at det måtte gjerast igjen. Kjelva vart pløyd 9.september i fjor, sådd 10. september og tromla 11. september. Jon valde å så ei type haustkveite kalla Kuban.

Kornet har hatt ei veldig god overvintring. I løpet av vekstsesongen har det vore perioder med lite nedbør, men kornet veks på gamle kjelver med god tørkesterk jord så det har klart seg godt. Kuban er ein middels tidleg sort. Den gjev gode avlingar, er svært stråstiv og har vist seg sterk mot mjøldogg. Den er vinterherdig. Kornkvaliteten er god, hektolitervekta er høy. Bakekvaliteten er stabil og blant de beste haustkveitesortane.

Open dag med trøskjing

Laurdag 09.09.23 vart kornet trøskja. I den anledning inviterte Jon inn til trøskjeevent. Her var det mogleg å plukk blomar frå blomeenga nedanfor ysteriet, me hadde dei populære gavepakkane klar i butikken og det var tilbod på Jærsk Haustkveitemjøl. Felleskjøpet som er leverandør av såkornet stilte med reklameefektar og ei utstilling av forskjellige kornslag.

Sjølve trøskjinga jekk godt, me trur det vart mykje korn. Kornet hadde låg fuktigheit. Prøvane viser god kvalitet.

Fjorårets opplag Haustkveite er i bruk hjå forskjellige bakerier

May Tonje Nilsen driv med surdeigsbakst og fermentering heimefrå og sel brød gjennom nettstaden Heyme, der kan ein bestille bakst, for så å hente det på avtalte henteplassar. Ho bakar og surdeigbrød, halvsteikte pizzabotnar, pretzels, rundstykkjer og horn som vi sel i butikken vår. No kjem ho til å bruke ein del Jærsk haustkveite i baksten som skal til oss.

Andrine som driv Vesle Bakeri held til på Bryne og driv med surdeigsbakst som hobby.  Ho har vore begeistra for mjølet vårt og brukt det i eit brød som heiter Skarsmyra. Ho har med jevne mellomrom popup utsal, der alt ho tener går til Ida´s Hjelpefond. Ho annonserar på instagram og facebook ei veke på førehand av popup utsal.

Sirkus Renaa som held til i Stavanger lagar eit brød elta for hand kor dei bruker Jærsk Haustkveite. Dei kallar det «Jærenbrødet»

Roxman bakeri har nettopp starta produksjon av surdeigsbrød med Jærsk Haustkveite. Brøda kan kjøpas i deira utsal, på Spar Varhaug og sikkert fleire stader etterkvart.