Prosjekt haustkveite

Spenstig satsing

Mjølkemannen og bonden Jon Lea har fleire prosjekt og rollar på garden. I år har han fått til noko som ikkje var sjølvsagt på Jæren. Han har fleire år dyrka korn til dyrefór, men i fjor sådde han haustkveite som skulle verte matkorn.

Haustkveite er ein type korn som skal sås på hausten og spirer før frost. Den toler kulde og held fram med å utvikla seg når våren kjem.

Ei ny fagleg utfordring, og samstundes eit bidrag til matforsyning i ei krevjande tid.

Haustkveite i daglegvarebutikkar

I skrivande stund er Jærsk haustkveite på vei ut i fleire butikkar i Rogaland, fleier pallar er allereie rulla ut. Det er stas å sjå at butikkane vil ha inn mjølet og me har fått fleire henvendingar frå kundar som ynskjer å kjøpe mjølet vårt og lurer på kor dei finn det. No kan det kjøpas sjå Line Garsutsalg, Vadland Gardsutsalg, Smaken av Landet og Sunde Gardsutsalg. Og sjølvsagt i vår eigen gardsbutikk. Både Norgesgruppen og Coop har vore kjempepositive til å forhandle mjølet i Rogaland. Hjå Norgesgruppen kan du finne dei i: Meny, Spar, Joker og Nær butikkar. I Coop er dei lista i: Mega, Extra, Obs, Prix og Marked

Det er relevant å nemna at ikkje alle av desse butikkane har inne mjølet, men alle har moglegheit for å bestille det inn. Så om du ikkje finn det så kan du spørje dei ansette i butikken om dei kan bestille det inn.

Salet av Jærsk haustkveite har til no hatt ein overveldande respons. Fleire pallar er solgt, det er godt, for vi har jo toss alt 30 tonn mjøl som skal seljas. Det me merker er at fleire av daglegvarebutikkane tek kontakt sjølv for å få inn mjølet, og gjerne treng dei litt ost i tillegg. Mjøl og ost ligg registrert hjå dei overnevnte butikkane, og fleire har fått med seg at det no er tilgjengeleg i deira system.

Medieomtale

Tidlegare i år, før kornet skulle haustas laga NRK ei reportasje om prosjektet, no har dei laga ei oppfølgingssak for å høyre om korleis det gjekk. Det har heile vegen sidan prosjektet start vore eit mål om å få til eit korn som har god nok kvalitet til å brukas som menneskemat. Ikkje ein sjølvfølge her på Jæren. Men det gjekk og no er kornet turka hjå Jæren Korn og Malt og mala på Stangeland Mølle. Dei har vore viktige samarbeidspartnarar for å lukkas i prosjektet og for å få mjølet ut til forbrukar.

Sjå innslaget som jekk både på NRK Rogaland og Dagsrevyen den 23.11.22

Baking med Jærsk haustkveite

Me har allereie fått mange gode tilbakemeldingar frå fornøyde mjølkunder både hobbybakarar og meir erfarne har bakt. Mjølet har ei oppskrift på pakken som mange har benytta seg av (oppskrifra finst og lenger nede på denne sia). Den er tenkt å vere ei enkel kvardagsoppskift som alle kan få til. Oppskrifta har og vorte prøvt ut til rundstykkjer, då vart deigen satt kvelden før og kaldheva over natta. Gjer ein det sånn har ein moglegheit for nyte deilig nysteikt bakst til frukosten. Mjølet har og vore brukt i både pizza og surdeigsbrød med stort hell.

Brød med Jærsk haustkveite til sals

Mjølet vårt er allereie i bruk hjå forskjellige bakerier.

May Tonje Nilsen driv med surdeigsbakst og fermentering heimefrå og sel brød gjennom nettstaden Heyme, der kan ein bestille bakst, for så å hente det på avtalte henteplassar. Ho bakar og surdeigbrød, halvsteikte pizzabotnar, pretzels, rundstykkjer og horn som vi sel i butikken vår. No kjem ho til å bruke ein del Jærsk haustkveite i baksten som skal til oss.

Andrine som driv Vesle Bakeri held til på Bryne og driv med surdeigsbakst som hobby.  Ho har vore begeistra for mjølet vårt og brukt det i eit brød som heiter Skarsmyra. Ho har med jevne mellomrom popup utsal, der alt ho tener går til Ida´s Hjelpefond. Ho annonserar på instagram og facebook ei veke på førehand av popup utsal.

I desse dager er bakar Paul Vigrestad på Vigrestad Konditori i gong med testbaking av eit brød som skal innehalde Jærsk haustkveite. For dei som ikkje er lokale så er Vigrestad nabobygda vår. Me tykkjer det er stas lokale samarbeid. Me har og nokre varer frå Vigrestad konditori i vårt utsal. Brødet kjem for sal ETTER jul. Følg med!

Fyste år med matkorn

Motivet for å gamble med dyrebar gjødsel og satsa på å oppnå matkornkvalitet er ønsket om å bidra til matberedskapen i Norge. Sjølv om det er krig i verdas kornkammer, vil nok ikkje me vera dei fyste som svelt. Ansvaret derimot, for å produsera det me kan av mat sjølve og dermed sleppa å kjøpa føre nasen på folk som svelt frå før, kjenner nok dei fleste gardbrukarane på i desse urolege dager.
Den faglege utfordringa og glea over å lukkast er nok lik i dette prosjektet som for andre som utfordrer seg sjølv og etablerte sannheiter. Me gratulerer med strålande resultat!

Interesse for prosjektet

Prosjektet har fått stor interesse frå fleire hald. Det har vore omtala i både lokal og riksdekkande sendingar i NRK. I tillegg har saken vore omtala på NRK nettavis og radio Både fotograf og journalist var på besøk og fekk teke bilete og filma på stykke der konet vaks. Nrk si overskrift vart: Verda treng mat

Her kan du sjå klippet frå då Nrk var på besøk

Jærbladet var også innom for å sjå og høyre om prosjektet. Overksrifta vart: Jon dyrkar matkorn på Jæren. Mjølet må han få selt sjølv.

Fagleg hjelp

I prosjektet har samarbeidet og rettleiinga frå Arne Vagle i Norsk Landbruksrådgivning vore viktig. Nabo Nikolai Skrettingland som har drive jord på Skrettingland i tre generasjonar, har og kome med verdfulle innspel.
For at kornet skal verte godkjend som mat til menneske må det oppfølgje visse krav til innhald. Det må ha eit visst nivå av protein og det skal målas falltal. Falltalet er knytta opp mot bakeeigenskapa til kornet. Kornet Jon fekk til hadde veldig gode falltal, så me gler oss til å testa ut.

Mjølet kjem for sal

Den fine etiketten er det vår eiga Ingfrid Viland som har laga. Jon syns det er spesielt å vera på trykk i 27 000 opplag, men det går til ein god sak, så då går det nok godt.

Når mjølet er klart kjem det til å kome for sal hjå Ystepikene og fleire daglivarebutikkar. Det vil vere 1kg poser og 25kg sekkjer tilgjengeleg. Det er allereie fleire som har bestillt mjøl på førehand, det tykkjer me er skikkelig stas.

Også i daglegvare

Mjølet er registrert inn i dagligvarenes portal, og det er fleire butikkar som har bestilt. Savnar du det i din butikk, kan du spør, så kan dei få det inn. Faktisk i heile landet.

Vegen frå hausting til bakst

I mangel på mottak av matkorn i Rogaland, fekk me mellomlagra kornet på den nedlagte mølla på Felleskjøpet på Varhaug. Herifrå jekk vegen til turking hjå Jæren Malt som har rydda plass til kornet vårt. No er det hjå Stangeland Mølle som skal mala kornet og tappa på poser og sekker.

Gode hjelparar

Me er no ferdige å klistra etikettar på 27 000 poser. Desse er sende til Stangeland Mølle og no ventar me spent på å ferdige pakkar i hus.

Tusen takk til Ystepiker, slekt og vener som har fore med å klistra etikettar. Mange er nok lei smilet til Jon, men det går seg nok til etterkvart.

Arva etter farfar

Jon har alltid sagt at arva mi etter farfar ligg i «veidene» som på jærsk tyder grøfter. John Lyng Lea, som var bonde, botanikar og sidan rekneskapsfører arbeidde jamnt og trutt med å dyrka ny jord. Naboar seier at dei ofte høyrde sprenging av stein både seint og tidleg. Han laga til og med eit kart over alle grøftene så etterkomarane kunne finna dei att i høve det trengdes.
Her om dagen måtte kartet fram, då det samlar seg vatn på det nysådde bedet og Jon må finna ut kor feilen er. No vonar me at han finn feilen slik at spirene ikkje druknar. For no satsar Jon ein runde til, og ny haustkveite er sådd. Me krysser fingre for at veret vert lageleg i vinter slik at me på ny kan få til matkveite.
Då vonar me at det kan vera eit mottak som kan håndtera menneskemat i Rogaland. Beredskap må me ha!

Grove brød med haustkveite

Me har laga ei oppskrift på to grove brød som bruker haustkveite. Framover vil me bruka mjølet i fleire oppskrifter.

350g sammalen haustkveite
350g sikta spelt/kveite
200g havregryn
1 klype salt
1 ts sukker
8dl vatn
½ pakke tørrgjær

Rør saman gjær, sukker og vatn, la det stå litt medan du blandar saman dei tørre ingrediensane i ein bolle. Tilsett gjærblandinga og elt godt i 10 minutt. Del deigen i to og fordel i to brødformer. Sett dei kaldt over natta for steiking neste dag eller hev til dobbel størrelse, ca en time. Dryss gjerne litt havregryn på toppen.
Steik i 45 minutt på 200 grader til dei vert gyldne og fine.

Me høyrer gjerne frå deg om du lagar oppskrifta eller bruker haustkveiten til noko anna spanande.
Tagg Ystepikene på Facebook eller instagram.

På sida vår har me mange kjekke oppskrifter med Ystepikene sine ostar, berre klikk på lenkja her.